Fjaler, Sygeplejerske med grunduddannelse
Sjukepleiar. 100% fast stilling
Fjaler kommune ligg sentralt plassert i Sogn og Fjordane og har knapt 3000 innbyggjarar. Kommunen har m.a. vidaregåande skule, idrettspark og godt utbygde tenester til innbyggjarane. Fjaler er vertskommune for RKN United World College, Haugland Rehabiliteringssenter og Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen. Fjaler kommune har eit sterkt kultur- og organisasjonsliv, attraktive bustadfelt og svært gode høve for eit aktivt friluftsliv.
BIO sine oppgåver er å gjere forvaltningsvedtak og yte personlege tenester etter Lov om sosiale tenester og Lov om helsetenester i kommunane. Tenestene vert ytt i eigen bustad eller i institusjon til alle som har trong for dette, uavhengig av diagnose.
Eininga har òg ansvar for to dagsenter for personar med funksjonshemming, samt eit dagsenter for eldre med tilhaldsstad på sjukeheimen.
I tillegg har BIO ansvar for bl.a. undervisning etter Lov om opplæring for vaksne - med særskilte behov.
Fjaler Kommune har ledige sykepleier stillinger:
- Sjukepleiar.100% fast stilling frå mai/juni i arbeidslag 5.
- Sjukepleiar. 100% vikariat frå juni til januar i arbeidslag 2.
- Evt. annen stillingsbrøk kan diskuteres.
Nærare opplysningar om stillingane får du hjå leiar BIO Anita Zadig tlf. ******eller hjå ein av lagleiarane******.
Søk elektronisk www.fjaler.kommune.no - sjølvbetening. Merk saksnummer 11/328
Søknadsfrist 26. april



